fredag 27. april 2012

Tråder


Tråder Sophia BennettForfattar: Sophia Bennett                                                                         
         

Forlag: Cappelen Damm                                                                           
   
                                            

År for utgjeving: 2010

Emne: Mote

Handlingsreferat
Du blir kasta rett inn i handlinga før du veit ordet av det. Boka handlar om ein vennegjeng, Nonie, Edie og Jenny. Nonie er ei jente som er sprudlande glad i moter, og ho drøymer om å bli designer. Ein dag ser ho ei morosam, lita og søt jente. Etter kvart finn ho ut at jenta heiter Crow. Dette er jenta Edie er ein slags støttekontakt for. Crow har blitt sendt frå Uganda til England. Crow kan ikkje lese, men etter kvart finn Nonie ut at Crow har eit talent. Ho finn ut at Crow er ein meister i å teikna og sy, sjølv om ho berre er tolv år gammal. Eg blei veldig godt kjend med hovudpersonane i teksta, og det er grunnen til at boka var kjekk å lese. Handlinga går føre seg i notid og det er eit godt miljø i boka.


Mi eiga vurdering
Førsteinntrykket av boka var litt kjedeleg, men etter kvart som du kjem inn i handlinga, blir den med ein gong mykje betre, og då forstår du meir. Boka passar for jenter i alderen  11-15 år. Eg gjer derfor denne boka terningkast 4/5

C.S.S April 2012

Høsten




Forfattar: Jan Henrik Nielsen  

Tittel: Høsten

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2011 

Tema: Etter katastrofen

Handlingsreferat:
Hovudpersonane, Nanna og Fride, må dra til byen for å
få tak i medisin til faren deira.  Dei blir sendt i veg
med leverpostei og syltetøy fordi dei har levd nede i
ei bunkers der matlageret har gått tomt.  Nanna og
Fride må passe seg for slemme folk på vegen til
byen fordi då dei var mindre var det ein sjukdom som
ramma folk over heile  verda. Då sjukdommen kom
vart det mangel på mat, så det vart kamp om 
maten.  Då Nanna og Fride kom til byen møtte dei ein
person som kalla seg Fugl.  Fugl meinte at det  enno
var håp for plantene. Mange hadde ikkje greid å
overleve sjukdommen, men han hadde funne ei plante
og hjelpt den til å vokse.

Mi eiga vurdering:
Boka var bra og spanande. Spenninga heldt seg opp
gjennom heile boka. Det var nervepirrande kappittel
og det var nokre kappittel som var litt meir roleg. Alt
i alt var det ei bra bok, men nokre gonger kunne det
vere det same som skjedd om og om igjen. Viss eg
skulle ha gitt eit terningkast på denne boka hadde det
vært 5. Eg gjer den ein femmar fordi den gjer slik at
me vil lese vidare. 
 
I.T april 2012 

Halvgudene


Forfattar: Mari Moen Holsve

Forlag: Cappelen Damn

År for utgjeving: 2011

Emne: Fantasy.


Handlingsreferat :
Boka handlar om trillingane Dina , Thea og Balder . Dei er tretten år gamle. Dei er i frå Oslo. Far deira heiter Jostein. Boka går føre seg i no tid og i ei anna verd. Den andre verda blir kalla Tiladnen og for å komme seg dit må dei gjennom ein portal. Mor deira veit dei ikkje så mykje om, men dei veit at ho er ein halvgud. Då dei kjem til Tilandnen må dei lære seg nye reglar som dei ikkje er vane med frå før og dei må lære raskt. Trillingane får magiske krefter og får prøve ut dei magiske kreftene sine i Tilandnen. Mykje spennande skjer her. Viss du vil vite kva som skjer , les boka.



Mi vurdering
Eg synst boka var veldig spennande å lese. Det er ei lettlest bok. Eg blei veldig godt kjend med personane i boka. Eg likte personane veldig godt. Eg synst forfattaren skriv veldig bra og eg fekk lyst til å lesa fleire bøker av forfattaren. Eg fekk svar på mesteparten av spørsmåla mine. Det beste med boka var at forfattaren hadde med mange skildringar og detaljar. Det eg likte minst med boka var at Thea kanskje var litt slem mot faren. Framsidebiletet på boka gjorde sånn at eg fekk lyst til å lese boka. Det som er spennande med boka er at det er så mykje som skjer og du får lyst til å vite kva som skjer vidare. Det er ei fantasy bok så viss du likar å lese fantasy annbefaler eg denne boka.
Eg annbefaler boka til alle i alderen 13 – 16år.

S.S.L 19.04.2012

tirsdag 24. april 2012

Spøkelsesmorderen



Eg har lese ei bok som heiter Spøkelsesmorderen.

Boka er skriven av Maria Konow Lund.

Boka handlar om ei jente som heiter Freddy Mikalsen. Og så er det ein vaktmester som heiter Antonio Rosetti som høyrer merkelige lydar på teateret, Den Nationale Scene, i Bergen. Etter litt blir Antonio sporlaust forsvunne. Freddy bestemmer seg for å finne ut kor det er blitt av Antonio.

Hovudpersonen heiter Freddy Mikalsen.

Fotel litt om han/ho/dei? Ho har ei storesyster og ein lillebror som heiter Smuffe.

Kva er det mest spanande eller finaste i boka? Det mest spennande er om Freddy klarar å finne Antonio,og korleis han forsvinner.
 
Er boka lett eller vanskeleg å lesa? Eg syns boka var lett å lesa.

Kven høver boka best for: Boka passar til både jenter og guter i alderen 10-12 år.

Likte du boka? Ja, eg likte boka.

Kvifor? Eg likte boka fordi den var spennande, fordi det skjer så mykje mystisk og fordi alle fekk som fortjent.

E.F april 2012