tirsdag 23. april 2013



Bokmelding


Forfattar: Mikael Niemi


Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2010

Emne: mobbing, sint, terror

Handligsreferat: Denne boka handlar om ein gut som føler seg oversett. Han har same stil, meiningar og interesser som alle andre. Ein dag tek han på seg eit stygt grønt forkle for å vekke merksemd, det vart negativ merksemd, men han synest at det var betre enn ingen merksemd. Han er sint på alle på skulen og skriv eit dikt som handlar om å bombe skulen. Det blir mykje oppstyr på skulen av diktet og ein gut som heiter Pålle legg merke til han. Dei blir venner og ubevisst blir han med i Pålles terrorplan.

Vurdering: Dette er ein tøff historie med masse negative tanker og hendingar. Eg synest boka blei litt kjedeleg og kanskje litt deprimerande å lesa i lengden, men det eg synest er bra med boka er at forfattaren viser godt at det er noko som ligger bak for at gjerningsmenn gjer det dei gjer. Til dømes at dei  blir mobba eller har det vondt og er veldig sinte for noko.

A.N 
April 2013

mandag 15. april 2013

Fallen engel                       
 
Forfattar: Becca Fitzpatrick.


Forlag: Gyldendal.

År for utgjeving: 2009.

Emne: Fantasy, kjærleik og vennskap.

Handlingsreferat:
Nora lever eit heilt vanleg liv. Ho går på ein normal skule, og har ei nesten normal bestevenninne som heiter Vee.
Men plutseleg ein dag vert alt forandra, den dagen dei må bytte plassar og Nora må sitte ved sida av den mørke og mystiske Patch.
Han veit mykje om ho, sjølv ting ho aldri har fortald til nokon. Han veit at ho drar til skulepsykologen dr. Hendrickson og kva musikk ho høyrer på.
Patch har ei mørk fortid, og då Nora snublar inn i den vert alt snudd på hovudet. Ho får vite ting som ho skulle ønske at ho aldri hadde fått vite, og ved eit uhell får ho vite den største hemmeligheita av alle, at Patch ikkje er akkurat er som alle andre.
Vee og Nora møter gutane, Elliot og Jules, på kafeen. Men etterkvart finn Nora ut at det er noko som ikkje stemmar med dei, noko uoppgjord i frå gamle dagar knyt Elliot, Jules og Patch saman.

Mi vurdering:
Eg likte denne boka veldig godt. I byrjinga var den litt vanskeleg å forstå seg på fordi den hadde ein litt forvirrande prolog. Men etterkvart, i resten av boka, vart det som skjedde i den fletta inn litt etter litt og det gjorde boka veldig spennande. Eg vart eigentleg ikkje så fort kjend med personane i boka, for då eg las meir viste det seg at dei var heilt annleis enn eg trudde i byrjinga av boka. Personane i boka var ganske forskjellige og det gjorde dei interessante på kvar sin måte. Boka var svært bra skriven og den hadde ein overraskande slutt som gjorde at eg fekk lyst til å lese fleire bøker i denne serien. Det er eigentleg ingenting som eg synest er dårleg med boka. Slutten var nok det eg likte best for då fekk eg svar på alle spørsmåla eg lurte på.
Det var eigentleg ikkje biletet på framsida som fekk meg til å ville lese boka, men det gav inntrykk av at boka var mystisk og spennande.

S.A.K 05.04.2013