tirsdag 5. april 2011

Dukken

Eg har lese ei bok som heiter: Dukken          

Boka er skriven av: Ingunn Aamodt

Kva handlar boka om? Boka handlar om ei jente, Eva, som får ei dukke av oldemora si. Sofia, som er lillesøstera, får ein ponni og kusinene får diamantsmykker. Oldemora er veldig rik. Med vold slår Eva dukken, river ut auget, stenger ho inne oppe på loftet, druknar ho og skrapar ho. Men ho skulle høyrd etter då oldemora sa at «det som skjer med denne dukken skjer med eieren som er deg»
Så dei tinga skjer med Eva.

Kva heiter hovudpersonen(hovudpersonane)? Hovudpersonen heiter Eva

Fotel litt om han/ho/dei? Ho er ei jente som er litt sterk og står på meiningane sine. I denne boka er ho litt voldeleg og uheldig.

Kva er det mest spanande eller finaste i boka? Det mest spennande er at når eg leser det ho gjer med dukken veit eg at det kjem til å skje med ho og.

Er boka lett eller vanskeleg å lesa?Ho er lett å lesa, fordi ho er lett å forstå.

Kven høver boka best for? Den passer for 3.-8.klasse

Likte du boka? Ja eg likte boka så godt at eg har tenkt å lese alle marg og bein bøkene.

Kvifor?  Eg likte den fordi det er litt morosamt å lesa det ho gjer med dukken, då sit eg og lurar på kva som kjem til å skje med ho og korleis det skjer.

S.L april 2011

Ved syrinen

Eg har lese ei bok som heiter: Ved syrinen                                                 
Boka er skriven av: Anne-Berit Aspås

Kva handlar boka om?  Ei jente som heiter Sølvi. Ho har ein hest som heiter Chausette. Ho og familien hennar flyttar til Norellstad og Sølvi begyner på ein ny skule. Der får ho ein venn som heiter Kristine og dei gjer mykje i lag. Det blir skuleball og gutane skal be med seg jentene.

Kva heiter hovudpersonen(hovudpersonane)? Sølvi

Fotel litt om han/ho/dei? Sølvi elskar hestar og ho er einebarn.

Kva er det mest spanande eller finaste i boka? Når Sølvi rir på Chausette, og når dei er på skuleball.


Er boka lett eller vanskeleg å lesa? Den er lett å lesa. Fordi det var lett å forstå.

Kven høver boka best for? Jenter i alderen 10-12 år.

Likte du boka?  Ja eg likte boka.

Kvifor? Fordi at ho er kjekk og spennande.


H.S.O april 2011

mandag 4. april 2011

Hot i syden

Forfattar: Ingunn  Aamodt                                                 
Forlag: Cappelen Damm.

År for utgjeving: 2010


Emne:   Det handlar om litt vennskap og litt kjærleik.


Handlingsreferat: Boka handlar om at Marlena Evensen skal til syden med moren sin og får lov til å ta med seg ei venninne, men Marlena har to venninner. Ho begynner å lage  ei liste med ulemper og fordelar ved vennene hennar. Handlinga går føre seg i syden. Det er Marlena Evensen, Emma, Minda, moren til Marlena, onkelen til Emma, PO, Siri, faren til Marlena, Ernst, Kristoffer og Mathias som er med i boka. Då Minda overnattar hos Emma skal dei ta sololje slik at dei kvite leggane blir brune. Emma og Minda er litt uheldige og tek for mykje på seg.  Om morgonen då dei står opp er dei kjempebrune. Litt for brune. Det ender opp med at dei tek veldig mykje foundation på seg slik at dei ser normalt brun ut. Då dei kom til syden solte Emma og Minda seg attmed bassenget og fekk auge på tre kjekke gutar som såg på dei.

Mi eiga vurdering: Eg syntest at boka var bra sjølv om eg pleier å lesa skumle bøker dersom eg les. Eg likte boka fordi Marlena Evensen måtte velge kven av dei to venninnene ho ville ha med til syden. Dette var eit vanskeleg valg men det var rettferdig.


K.T mars 2011