Forlag:
Cappelen Damm
År
for utgjeving: 2010
Emne:
Mote
Handlingsreferat
:
Du blir kasta rett inn i handlinga før du veit ordet av det. Boka handlar om ein vennegjeng, Nonie, Edie og Jenny. Nonie er ei jente som er
sprudlande glad i moter, og ho drøymer om å bli designer. Ein dag
ser ho ei morosam, lita og søt jente. Etter kvart finn ho ut at
jenta heiter Crow. Dette er jenta Edie er ein slags støttekontakt
for. Crow har blitt sendt frå Uganda til England. Crow kan ikkje lese, men etter kvart finn Nonie ut at Crow har eit talent. Ho finn ut
at Crow er ein meister i å teikna og sy, sjølv om ho berre er tolv år
gammal. Eg blei veldig godt kjend med hovudpersonane i teksta, og det
er grunnen til at boka var kjekk å lese. Handlinga går føre seg i
notid og det er eit godt miljø i boka.
Mi
eiga vurdering:
Førsteinntrykket av boka var litt kjedeleg, men etter
kvart som du kjem inn i handlinga, blir den med ein gong mykje betre,
og då forstår du meir. Boka passar for jenter i alderen
11-15 år. Eg gjer derfor denne boka terningkast 4/5
C.S.S April 2012