Bokmelding
Forfattar: Mikael
Niemi
Forlag: Cappelen
Damm
År for utgjeving: 2010
Emne: mobbing,
sint, terror
Handligsreferat: Denne boka handlar om ein gut som føler seg oversett. Han har same
stil, meiningar og interesser som alle andre. Ein dag tek han på seg eit stygt
grønt forkle for å vekke merksemd, det vart negativ merksemd, men han
synest at det var betre enn ingen merksemd. Han er sint på alle på skulen
og skriv eit dikt som handlar om å bombe skulen. Det blir mykje oppstyr på
skulen av diktet og ein gut som heiter Pålle legg merke til han. Dei blir
venner og ubevisst blir han med i Pålles terrorplan.
Vurdering: Dette er
ein tøff historie med masse negative tanker og hendingar. Eg synest boka blei
litt kjedeleg og kanskje litt deprimerande å lesa i lengden, men det eg synest
er bra med boka er at forfattaren viser godt at det er noko som ligger bak for
at gjerningsmenn gjer det dei gjer. Til dømes at dei blir mobba eller har det vondt og er veldig
sinte for noko.
A.N
April 2013