tirsdag 8. mai 2012

Forførende ondskap


Forførende ondskap
 
Forfattar:  
Rebecca James                                                         

Forlag: Gyldendal

År for utgjeving: 2011

Emne: Psykologisk thriller. Skuldkjensle, hemn og øydelegging.

Hovudpersonane: Kathrine og Alice. Andre karakterar er: Mick, Robbie og Philippa, som er syster til Mick.

Innhold: Boka handlar om  Kathrine som opplever at systera vert myrda i skogen. Ho flykter frå alt, byter namn, byter skule og flytter inn oss tanta. Då ho begynner på ny skule  møter ho Alice som er veldig fin og ganske populær. Dei blir ganske gode venner og Kathrine begynner å leve livet igjen, men ei hemmelegheit held ho godt på. Alice gjer og seier ting som Kathrine synest er ubehageleg. Det verkar som om Alice gjer alt ho kan  for å finne ut av hemmelegheiten, eller gjer ho det?  Etter kvart kan det verke som om Alice likevel kjenner til, eller veit, noko om kva det er Kathrine held hemmeleg. Så møter Kathrine Mick, men ho held forholdet deira hemmeleg for Alice. Ho vil prøve å bryte vennskapen, men Alice har ingen planer om å la Kathrine forlate ho. Ho kjem berre tettare og tettare på Kathrine, og det har sin grunn. Ho har og sine mørke sider, sjølv om ho prøver å vere så bra som mogleg. Kathrine finn  etter kvart ut at Alice ikkje liker å bli skyvd vekk.


Mi meining: Boka var spanande og lett å lesa. Det var store bokstavar og ikkje tettskreve. Ein blei godt kjend med personane i boka. Likte alle bortsett frå Alice og gutane i skogen. Fekk ein følelse tidleg i boka av at Alice visste eit eller anna om det som skjedde den kvelden. Slutten blei ikkje heilt som forventa og det stod litt ope om korleis det gjekk med Kathrine. Dette er ei bok som absolutt er til å anbefale.
 
K.M  18.04.2012


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar