tirsdag 8. mai 2012

Point Blanc


      


 
Forfattar: Anthony Horowitz     
                                                                                                                     
Forlag: Cappelen Damm                                                               
                                               
År for utgjeving: 2010 

Emne: Spionroman                                                                                              

Dette er ein teikneserieroman.
                                   
Handlingsreferat:
Boka handler om ein gut som heiter Alex Rider. Han er ein hemmeleg spion. Han har jobba for MI 6 før, men vil ikkje ha noko meir med dei å gjere, Men plutseleg kontaktar MI 6 Alex igjen. Oppdraget denne gongen er at han skal late som han er sonen til ein rik mann.  Han skal opp til Point Blanc som er ein skule for rikmannsbarn. Point Blanc tener gode pengar.  Foreldra vil at ungene skal bli meir «britisk» veloppdragne, slutta med narkotika og kriminalitet. Nokon har blitt kasta ut av samtlige skuler dei har gått på.
Dr.Sorgh er  rektor på skulen. Han lagar kopiar av ungdommane sånn at det vert to  forskjellige typer personer. Den eine er t.d. veldig snill og grei medan den andre er som før. Alex finner ut at noko er gale og han prøvar å kontakte MI 6, men han får ikkje kontakt med dei. Når han mislukkast i å få kontakt med MI 6 trur han at dei har svikta han, men MI 6 kjem til slutt.  Men klarar dei å avsløre det onde?

Mi eige vurdering er:
På ein skala frå 1-6 så ligg denne boka på 5 :)  Eg likte boka veldig godt, den var lett å forstå og lese. Du blir kjent med noken få fra skulen Point Blanc.Den  personen eg likte beste var Alex.
Når du begynner å lese vil du berre forsette å lese :) Boka var spennende, det gjekk kanskje litt tid før ein fekk vite kva som skjer, men til slutt forstår du alt, om kva som har skjedd.  Det beste med boka er korleis Alex får seg vekk i frå Point Blanc på slutten. Då vart det svært spanande. Det eg  likte minst med boka var at det tok litt lang tid før du kom inn i handlinga og skjøna kva det dreide seg om.
Når du leser boka, vil du berre forsette å lese.

T.B  april 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar