torsdag 10. mai 2012

Monstertanta

Monstertanta - Ingelin Røssland 
Boka er skriven av: Ingelin Røssland                                     

Kva handlar boka om?    Boka handlar om ei jente som må vera på ein gard hos tanta si når foreldra skal til syden, Kreta. Tanta er kjent for å hata born og er veldig streng for ho vil få borna til å jobba hardt og eta sunt og bli godt oppdregne. Julie tar med seg godteri inn på rommet sitt, då tanta oppdager det tar tanta med seg godteriet. Julie må gjere alt arbeidet. Til slutt hamnar Julie med ansiktet ned i ein fersk rykande kubæsj.


Kva heiter hovudpersonen? Julie

Fotel litt om ho? Ho er ei litt tjukk jente på sånn ca 10 år. Ho et mykje søtt.
 

Kva er det mest spanande eller finaste i boka? At Julie får ein kalv for seg sjølv, som lønn for at ho jobba så bra. Julie er veldig takknemleg for kalven!

 
Er boka lett eller vanskeleg å lesa? Litt vanskeleg fordi det var små bokstavar, men det gjekk heilt greitt. Boka høver best for dei som er gode til å lesa.


Kven høver boka best for? Alle aldrar, og både jenter og gutar. Også vaksne er heilt greitt.

Likte du boka?   JA!!! Den var kjempe kjekk!!!

Kvifor?  Boka var morosam, kjekk og underholdande:) Boka er veldig rar,det skjer mykje rart undervegs. Når eg las denne boka lo eg heile tida.

I.M.L mai 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar