torsdag 10. mai 2012

Skrekkens sirkus



Skrekkens sirkus - Darren Shan Øystein RosseForfattar: Darren O'Shaughnessy.                                             

Handling: Darren og bestevennen hans, Steve, går på eit freakshow. 
Der ser dei edderkoppen Madam Octa. 
Darren stjel edderkoppen. Då han visar ho til Steve, blir Steve bitt og held på å dø. Det er berre ein person som har motgifta som kan redde Steve, Herr Crepsley. 
Men han er ein vampyr, og den einaste måten Darren kan få motgifta, er å bli Herr Crepsley sin vampyrassistent.
Darren seier ja for å redde bestevennen sin, men må flytte for å begynne på livet som vampyr. 

Hovudpersonen:  Darren Shan.

Fortel litt om denne personen: Darren er ein tenåringsgut som er veldig interessert i edderkopper. Han har tre gode venner,Tommy, Allan og Steve som er den beste vennen hans.
Kva var det mest spenande eller finaste som skjedde: Eg syntes det var mest spennande då Darren måtte velge mellom å la Steve dø eller og bli vampyr.

Var denne boka lett eller vanskeleg å lese: Eg syns denne boka var lett å lese
Eg trur denne boka vil passe for gutter og jente og frå alderen ni og oppover.

Likte du denne boka: Eg likte denne boka fordi ho er spennande og det skjer så uventa ting  og det liker eg utruleg godt. Eg følte at eg blei kjent med personane.
Serien er på tolv bøker og handler om vanskelege valg, uventa ting og vampyrar

L.T mai 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar