tirsdag 8. mai 2012

Kirkegården



Forfattar: Gerdur Kristny

Forlag:   

Bokvennen Forlag AS                                                      

År for utgjeving: 2012 
 
Emne: Spøkelser, forelsking og spanskesjuken 


Handlingsreferat: 
Boka handler om ei jente som heiter Eyja.  Dei flyttar til Reykjavik og i den nye leilegheita trong dei møblar.  Dei gjekk på ein bruktbutikk og kjøpte ein lenestol. Eyja synest det var noko merkeleg med denne stolen, ho blei litt redd av den. Etter ei stund fann dei gamle brev i stolen også. Det var ei jente som skreiv om spanskesjuken. Faren til Eyja interesserer seg for spanskesjuken, så han sit seg ned i stolen og les breva.  Til slutt blir han sjuk, Eyja trur det er på grunn av stolen. Eyja blei også kjend med ein gut som heiter Sølve.  Han og Eyja blei kjærestar. Dei prøvde å finne ut kva som var så rart med stolen. Dei finn ut at den gamle eigaren av stolen bur i nærleiken så dei besøker han, og det er noko rart med han. Ingen andre visste at han var der.  Dei andre som budde i blokken hans sa at han var død for lenge sidan. Litt seinare får du vite det same om Sølve, så det er noko mystisk med dei to. Men kva, tenkjer du sikkert? Ja, då må du lese boka.

Mi eiga vurdering:
Eg synest denne boka var veldig interessant, og du måtte tenkje ein del for å forstå innhaldet. Eg kunne ikkje legge frå meg boka. Då eg var komen til den spennande delen om stolen  måtte eg berre lese vidare. Boka passer best frå 13 år og oppover. fordi den kan vere litt vanskeleg å lese.  Boka er oversatt frå islandsk og namna er litt merkelege, men det går fint. Eg gir boka terningkast 5!

H.L.B 18.04.12

1 kommentar:

  1. kjempe bra og kul den stolen var skummel jeg ble litt redd når stolen kom i leilileten det var spenene bok hilsen oss

    SvarSlett