torsdag 24. mai 2012

Harry og Ivars detektivbyrå


Harry og Ivars detektivbyrå Boka er skrive av: Lars Mæhle.                                                                                  

Kva handlar boka om?: 
Boka handler om at Harry og Ivar startar dektektivbyrå og skal etterforske to saker. I den eine saka skal dei finne hesten til ei dame, i den andre skal dei finne ein diamant. Harry hjelper dama og finne hesten, men går i ei felle. Ivar går for å finne diamanten og møter på kameleonen.

Kva heiter hovudpersonen(hovudpersonane)?:Harry og Ivar er voksne. Harry er liten og tjukk og Ivar er lang og tynn.

Fortel litt om han/ho/dei?: Harry bestemmer mykje og er ego.Ivar er snill og tenker alltid på andre.

Kva er det mest spanande eller finaste i boka?:
Det mest spanande som skjer i boka er når Ivar og gjengen blir sperra inne,  og ikkje kjem seg ut frå vogna.

Er boka lett eller vanskeleg å lesa?  :Eg syntes ho var  litt vanskeleg og litt lett.

Kven høver boka best for ?: Born i alderen 6-12 år

Likte du boka?: Ja

Kvifor?Kvifor ikkje?: Eg likte boka fordi ho var spanande og morosam.

M.Ø

torsdag 10. mai 2012

Monstertanta

Monstertanta - Ingelin Røssland 
Boka er skriven av: Ingelin Røssland                                     

Kva handlar boka om?    Boka handlar om ei jente som må vera på ein gard hos tanta si når foreldra skal til syden, Kreta. Tanta er kjent for å hata born og er veldig streng for ho vil få borna til å jobba hardt og eta sunt og bli godt oppdregne. Julie tar med seg godteri inn på rommet sitt, då tanta oppdager det tar tanta med seg godteriet. Julie må gjere alt arbeidet. Til slutt hamnar Julie med ansiktet ned i ein fersk rykande kubæsj.


Kva heiter hovudpersonen? Julie

Fotel litt om ho? Ho er ei litt tjukk jente på sånn ca 10 år. Ho et mykje søtt.
 

Kva er det mest spanande eller finaste i boka? At Julie får ein kalv for seg sjølv, som lønn for at ho jobba så bra. Julie er veldig takknemleg for kalven!

 
Er boka lett eller vanskeleg å lesa? Litt vanskeleg fordi det var små bokstavar, men det gjekk heilt greitt. Boka høver best for dei som er gode til å lesa.


Kven høver boka best for? Alle aldrar, og både jenter og gutar. Også vaksne er heilt greitt.

Likte du boka?   JA!!! Den var kjempe kjekk!!!

Kvifor?  Boka var morosam, kjekk og underholdande:) Boka er veldig rar,det skjer mykje rart undervegs. Når eg las denne boka lo eg heile tida.

I.M.L mai 2012

Skrekkens sirkus



Skrekkens sirkus - Darren Shan Øystein RosseForfattar: Darren O'Shaughnessy.                                             

Handling: Darren og bestevennen hans, Steve, går på eit freakshow. 
Der ser dei edderkoppen Madam Octa. 
Darren stjel edderkoppen. Då han visar ho til Steve, blir Steve bitt og held på å dø. Det er berre ein person som har motgifta som kan redde Steve, Herr Crepsley. 
Men han er ein vampyr, og den einaste måten Darren kan få motgifta, er å bli Herr Crepsley sin vampyrassistent.
Darren seier ja for å redde bestevennen sin, men må flytte for å begynne på livet som vampyr. 

Hovudpersonen:  Darren Shan.

Fortel litt om denne personen: Darren er ein tenåringsgut som er veldig interessert i edderkopper. Han har tre gode venner,Tommy, Allan og Steve som er den beste vennen hans.
Kva var det mest spenande eller finaste som skjedde: Eg syntes det var mest spennande då Darren måtte velge mellom å la Steve dø eller og bli vampyr.

Var denne boka lett eller vanskeleg å lese: Eg syns denne boka var lett å lese
Eg trur denne boka vil passe for gutter og jente og frå alderen ni og oppover.

Likte du denne boka: Eg likte denne boka fordi ho er spennande og det skjer så uventa ting  og det liker eg utruleg godt. Eg følte at eg blei kjent med personane.
Serien er på tolv bøker og handler om vanskelege valg, uventa ting og vampyrar

L.T mai 2012

tirsdag 8. mai 2012

Kirkegården



Forfattar: Gerdur Kristny

Forlag:   

Bokvennen Forlag AS                                                      

År for utgjeving: 2012 
 
Emne: Spøkelser, forelsking og spanskesjuken 


Handlingsreferat: 
Boka handler om ei jente som heiter Eyja.  Dei flyttar til Reykjavik og i den nye leilegheita trong dei møblar.  Dei gjekk på ein bruktbutikk og kjøpte ein lenestol. Eyja synest det var noko merkeleg med denne stolen, ho blei litt redd av den. Etter ei stund fann dei gamle brev i stolen også. Det var ei jente som skreiv om spanskesjuken. Faren til Eyja interesserer seg for spanskesjuken, så han sit seg ned i stolen og les breva.  Til slutt blir han sjuk, Eyja trur det er på grunn av stolen. Eyja blei også kjend med ein gut som heiter Sølve.  Han og Eyja blei kjærestar. Dei prøvde å finne ut kva som var så rart med stolen. Dei finn ut at den gamle eigaren av stolen bur i nærleiken så dei besøker han, og det er noko rart med han. Ingen andre visste at han var der.  Dei andre som budde i blokken hans sa at han var død for lenge sidan. Litt seinare får du vite det same om Sølve, så det er noko mystisk med dei to. Men kva, tenkjer du sikkert? Ja, då må du lese boka.

Mi eiga vurdering:
Eg synest denne boka var veldig interessant, og du måtte tenkje ein del for å forstå innhaldet. Eg kunne ikkje legge frå meg boka. Då eg var komen til den spennande delen om stolen  måtte eg berre lese vidare. Boka passer best frå 13 år og oppover. fordi den kan vere litt vanskeleg å lese.  Boka er oversatt frå islandsk og namna er litt merkelege, men det går fint. Eg gir boka terningkast 5!

H.L.B 18.04.12

Gamer


GamerForfattar: Tor Arve Røssland

Forlag: Mangschou  
                                                                                  
År for utgjeving: 2011                                                                                                    

Emne: Dataspel, kriminalitet

Hanslingsreferat: I denne boka skjedde det mykje. Det handlar om nokre ungdommar som spelar pc-spel heila tida etter at dei kjem heim i frå skulen og heilt til dei skal på skulen igjen. Det er ein gut som jobbar i ein spelebutikk. Ein dag hadde dei fått inn eit nytt spel som han og nokre vener skulle spela. Ein dag møter dei ein man som heiter Will. Will er ein som hjelper dei til dei kjem opp i ei spesiell "level". Dei hadde funne ein plass der dei kunne vinna 1000 kroner. Då det vart pause skulle nokre av dei ta seg ein tur til eit gatekjøkken for å eta. Då kom det ein mørk Volvo bak dei. Etter nokre dager blei alle tekne. Den som hadde teke dei var han som heiter Will.

Mi vurdering: Denne boka var lett å lese. Det var lett å få med seg innhaldet i boka. Den var spennande. Den var kjekk i begynnelsen, men i slutten blei det masse slåsting. Eg vil lese fleire av desse bøkene.

A.B. 19.04.2012

Point Blanc


      


 
Forfattar: Anthony Horowitz     
                                                                                                                     
Forlag: Cappelen Damm                                                               
                                               
År for utgjeving: 2010 

Emne: Spionroman                                                                                              

Dette er ein teikneserieroman.
                                   
Handlingsreferat:
Boka handler om ein gut som heiter Alex Rider. Han er ein hemmeleg spion. Han har jobba for MI 6 før, men vil ikkje ha noko meir med dei å gjere, Men plutseleg kontaktar MI 6 Alex igjen. Oppdraget denne gongen er at han skal late som han er sonen til ein rik mann.  Han skal opp til Point Blanc som er ein skule for rikmannsbarn. Point Blanc tener gode pengar.  Foreldra vil at ungene skal bli meir «britisk» veloppdragne, slutta med narkotika og kriminalitet. Nokon har blitt kasta ut av samtlige skuler dei har gått på.
Dr.Sorgh er  rektor på skulen. Han lagar kopiar av ungdommane sånn at det vert to  forskjellige typer personer. Den eine er t.d. veldig snill og grei medan den andre er som før. Alex finner ut at noko er gale og han prøvar å kontakte MI 6, men han får ikkje kontakt med dei. Når han mislukkast i å få kontakt med MI 6 trur han at dei har svikta han, men MI 6 kjem til slutt.  Men klarar dei å avsløre det onde?

Mi eige vurdering er:
På ein skala frå 1-6 så ligg denne boka på 5 :)  Eg likte boka veldig godt, den var lett å forstå og lese. Du blir kjent med noken få fra skulen Point Blanc.Den  personen eg likte beste var Alex.
Når du begynner å lese vil du berre forsette å lese :) Boka var spennende, det gjekk kanskje litt tid før ein fekk vite kva som skjer, men til slutt forstår du alt, om kva som har skjedd.  Det beste med boka er korleis Alex får seg vekk i frå Point Blanc på slutten. Då vart det svært spanande. Det eg  likte minst med boka var at det tok litt lang tid før du kom inn i handlinga og skjøna kva det dreide seg om.
Når du leser boka, vil du berre forsette å lese.

T.B  april 2012

Forførende ondskap


Forførende ondskap
 
Forfattar:  
Rebecca James                                                         

Forlag: Gyldendal

År for utgjeving: 2011

Emne: Psykologisk thriller. Skuldkjensle, hemn og øydelegging.

Hovudpersonane: Kathrine og Alice. Andre karakterar er: Mick, Robbie og Philippa, som er syster til Mick.

Innhold: Boka handlar om  Kathrine som opplever at systera vert myrda i skogen. Ho flykter frå alt, byter namn, byter skule og flytter inn oss tanta. Då ho begynner på ny skule  møter ho Alice som er veldig fin og ganske populær. Dei blir ganske gode venner og Kathrine begynner å leve livet igjen, men ei hemmelegheit held ho godt på. Alice gjer og seier ting som Kathrine synest er ubehageleg. Det verkar som om Alice gjer alt ho kan  for å finne ut av hemmelegheiten, eller gjer ho det?  Etter kvart kan det verke som om Alice likevel kjenner til, eller veit, noko om kva det er Kathrine held hemmeleg. Så møter Kathrine Mick, men ho held forholdet deira hemmeleg for Alice. Ho vil prøve å bryte vennskapen, men Alice har ingen planer om å la Kathrine forlate ho. Ho kjem berre tettare og tettare på Kathrine, og det har sin grunn. Ho har og sine mørke sider, sjølv om ho prøver å vere så bra som mogleg. Kathrine finn  etter kvart ut at Alice ikkje liker å bli skyvd vekk.


Mi meining: Boka var spanande og lett å lesa. Det var store bokstavar og ikkje tettskreve. Ein blei godt kjend med personane i boka. Likte alle bortsett frå Alice og gutane i skogen. Fekk ein følelse tidleg i boka av at Alice visste eit eller anna om det som skjedde den kvelden. Slutten blei ikkje heilt som forventa og det stod litt ope om korleis det gjekk med Kathrine. Dette er ei bok som absolutt er til å anbefale.
 
K.M  18.04.2012