mandag 15. april 2013




Dødelig kaos               
Forfattar:  Matt Dickinson.


Forlag: Aschehoug.

År for utgjeving: 2012

Handlingsreferat :

Boka handlar i korte trekk om at ein liten hending kan forandre heile verda for alltid. Dette blir vist ved at ein sommarfugl slår med vingene og startar ei lang rekke med uheldige hendingar. Dette kan for eksempel vera at eit fly held på å styrte fordi ein mann vant pengar på eit hesteveddeløp og kjøpte ein stor bunt med heliumballongar til jenta si. Ho mistar dei og ballongane fyk opp og blir sugd inn i den eine motoren til flyet.
Ein annan hending foregår på Mount Everest der ein ung fjellklatrar blir utsett for ei ulykke.Hendingane foregår på fleire stadar, men dei fleste skjer i Storbritannia.

Mi eiga vurdering:
Eg synest at dette var ei god bok. Dette er fordi at ho var spannande og kjekk å lese. Boka er delt inn i fleire forteljingar, men det er ikkje så vanskeleg å få med seg samanhengen. Karakterane i boka er også gode. Du får veta nok om dei, men ikkje så mykje at det vert forvirrande. I slutten av boka blir alt løyst slik at det ikkje er noko du lurer på. Den var også ganske lettlest, så eg vil anbefale denne. I starten er boka litt kjedeleg, men vert kjekkare lengre ut i boka.

 O.L 11.04.13




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar