torsdag 11. april 2013



Charlieblogg


 Forfattar: Eldrid Johansen      

Tittel: Charliblogg

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2012

Emne: mobbing, vennskap, blogging
 
Handlingsreferat 
Boka "Carliblogg" handler om ei jente som heiter Charlotte. Ho har akkurat vore i Paris med mor si og fann ut at heile turen var på grunn av at dei skulle flytta til bondelandet frå den store byen. Då Charlotte fyrst dag møter opp på skulen så gir klassekameratane eit godt fyrsteinntrykk, men er nokon av dei like kjekke som dei ser ut til å vera?
Charlotte lærer mykje nytt om vennskap og blogging.  Ho startar sin eigen blogg som ho kallar "Carliblogg". Her latterlegjer ho lokalsamfunnet og skryter på seg ein ønskedraum av eit liv. Bloggen er anonym, så dei kan ikkje skulda nokon for det som står der.
Så kor lang tid tar det til ho blir avslørt? Og kor langt er ho villig til og gå?
     
Mi eiga vurdering:
Eg syntest at boka var heilt grei. For å vera ein sjanger som eg ikkje er så glad i så var det ikkje noko problem å lesa ho. Eg er meir glad i bøker med action, spenning og krim. Viss du er glad i ei bok som handlar om mote, jenter og blogging så er nok "Charliblogg" boka for deg. 


 K.S.T april 2013







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar