mandag 15. april 2013




LEO OG MEI

Forfattar: Synne Lea
 
Forlag: Cappelendamm

År for utgjeving: 2012

Emne: Boka dreiar seg om vennskap og overgrep

Handlingsreferat:
Handlinga går føre seg heima hos Leo og Mei, og i eit holt. Holtet er ein plass kor Leo og Mei har bygd ei trehytte, og der snakkar dei og slappar av. Eg meiner handlinga er i vår tid. Hovudpersonane er Leo og Mei, og så er det foreldra deira.
Det som skjer er at Leo dett ned frå  trehytta han og Mei har laga. Han må vera på sjukehus i fleire dagar. Og nokon dagar etter han har kommen heim skjer det noko veldig trist som du kan få veta sjølv, om du les boka. Historia starta med å virka veldig kjedelig, synest eg. Men då eg var på slutten av historia blei det litt meir interessant. Boka blir fortald gjennom 3.person.
 
Mi eiga vurdering: 
For å vera ærlig, så syntest eg ikkje at boka var noko for meg fordi den var ikkje spennandes nok. Det var ikkje sånn at eg ville setja meg ned for og lesa i den, det var litt meir sånn ‘’Nei, må eg lesa no’’. Men alle bøker passar jo ikkje for alle, og eg liker meir spenning enn det som var i denne boka her. Eg syntest at framsidebildet såg litt spennande ut, og etter kvart som eg las boka så fann eg ut kva samanheng dei tinga som var på bildet, hadde.  

 H.V 07.04.13

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar