torsdag 11. april 2013

Variantene

Forfattar: Robison Wells

Tittel:Variantene

Forlag:Cappelen Damm

År for utgjeving:2012

Emne: Boka er innanfor fantasy/sci-fi-sjangeren og tek for seg ein kostskule med tre grupper som kjempar mot kvarandre på forskjellige måtar

Handlingsreferat
Variantene handlar om ein gut som heiter Benson Fischer. Etter at han har vore i mange fosterheimar blir han sendt til ein kostskule som heiter Maxfield Academy. Der må alle følgja reglane til skulen. Viss ikkje så blir dei sendt i forvaring der dei aldri kjem tilbake. I tillegg har skulen eit poeng-system der elevane kan spara og kjøpa ting for poenga sine. Historia er fortalt gjennom augene til Benson Fischer som er eg-personen i forteljinga.

Det er tre grupper på skulen som heiter Samfunnet, Kaos og Variantene. Samfunnet er den gruppa som ikkje gjer noko imot reglane og har dei beste jobbane på skulen. Kaos er gruppa som rett og slett lagar kaos på skulen. Variantene er gruppa som ønsker å rømme, men ingen har fått det til endå.

I løpet av boka får Benson ein kjæraste som seinare blir drepen og han finn ut at ho eigentleg var ein robot. Han trur at fleire er robotar av dei som er eldst på skulen.

Mi eiga vurdering:
Eg syntest at boka var veldig kjekk å lesa og eg gler meg til den neste. Eg vart godt kjend med personane i boka og eg likte dei fleste ganske godt. Boka var ganske spennande og enkel å lesa. Det verste med boka var at det var mange ting du ikkje fekk veta på slutten, dei kjem med i neste bok. Framsidebiletet passa saman med handlinga og viser det spanande i romanen.

F.S 09.04.13







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar