torsdag 11. april 2013



Verdensredderne

Forfattar: Simon Stranger

Tittel: Verdensredderne

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2012

Emne: Barnearbeid, Globalt medvit, Forelsking
 
Handlingsreferat :
Boka handlar om Emilie, ei 17 år gamal jente frå Bærum som berre bryr seg om gutar og mote. Ho er besteven med Ida, og dei shoppar ofte saman. Ein dag er ho på H&M, og ser ein gut som klistrar klistremerker over prislappane på nokre t-skjorter. «Kos deg med dei nye kleda, dei som sydde dei gjorde det ikkje» står det på klistremerkene. Og ei bloggaddresse, www.verdensredderne.blogspot.no
Samtidig får me høyre noko av historia til Reena, ei tolv år gamal jente frå Bangladesh. Ho jobbar med å sy t-skjorter av den typen som var på H&M.
Emilie kjem inn i organisasjonen, og dei gjer meir og meir ekstreme aksjonar. Samtidig forelskar ho seg i klistremerkeguten frå H&M.

Mi eiga vurdering
Eg syns boka var ei svært spennande bok, som handlar om noko som faktisk kunne ha vore sant, og som det er verdt å tenke over. Boka  er definitivt verdt å lese, og ho er heller ikkje altfor lang.

S.M.D april 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar