mandag 15. april 2013



Demonenes by                      

Forfattar: Cassandra Clare.

Forlag: Schibsted.
År for utgjeving: 2007. Noreg 2011.
Emne: Fantasy, romanse.

Handlingsreferat:

Clary Fray er vaksen opp i ein leilegheit i New York med mor si, Jocelyn.  Clary er ein bestemd og sta person. Clary og bestevennen Simon går inn på diskoteket, Pandemonium, ein fredag kveld.  Clary følgde etter ein gut inn på eit lager på diskoteket og vert vitne til eit mord. Det er tre ungdomar der som snakka om Valentine, som er ein vond person. Clary er den einaste  som i det heile tatt ser dei tre ungdommane, ei jente, Isabelle og to gutar, Jace og Alec. Kva er grunnen til det, er ho eigentleg eit vanleg menneske, med ei vanleg mor og ei vanleg fortid? Telefonen til Clary ringer og Jocelyn seier til Clary at ho ikkje må kome heim. Clary høyrer ikkje på mor si og spring heim, der vert ho møtt av ein ravner demon som prøver å drepe ho. Clary stoler på Jace, Isabell og Alec, men er det lurt? Ho er i ferd med å trø inn i eit stort eventyr saman med den sexy, sterke skyggejegaren som ho møtte for fyrste gong då ho såg han på Pandemonium då han drap gutenJace. Reisa for å finne Jocelyn, som var fanga av ein ravener-demon, vart trøyttande og blodig. På reisa kjem dei bort i ufrivillige møter med vampyrar og varulvar noko som ikkje er heilt det Clary er vane med. Ho finn ut at det er fleire dimensjonar enn vår, hundrevis av dei med demonar av alle slag. Kven er Valentine, er han så vond som alle vil ha han til? Oppstår det noko mellom Clary og Jace?  Kva skal du gjere når du ikkje har nokon igjen, ingen du kan stole på? Nye ulemper og spørsmål dukkar opp for Clary rundt kvart hjørne, nokon verre enn andre.
Omtale:
Det er den fyrste boka i serien om skyggejegerane.  I boka er det enkelt å få eit bilete av korleis personane ser ut. Det er ei bok som har ein open slutt. Det som var det beste med boka var at det skjedde noko heile tida. Den er kanskje litt tung å lese for nokre for det er mykje som skjer på ein gong. Bilete på boka passa bra for den beskriver noko av det viktigaste for ein skyggejeger, runer. Den er verkeleg å anbefala for dei som likar drama og fantasy. Boka passar best for 12-16 åringar som likar godt å lese. Kjempe bra bok, verdt å lesa denne og dei andre i serien.

E.E april 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar