mandag 23. april 2012

Cassias valg


 

Forfattar: Ally Condie                                                       
Forlag: Mangschou
År for utgjeving: 2010
Emne: Framtiden, kjærleik, valg

Handlingsreferat 
Vi er i framtida, der dei har laga noke som heiter Samfunnet. Samfunnet bestemmer korleis du skal leve. Dei bestemmer maten din, kor gammal du skal bli, kven du skal gifta deg med. Alt dette berre for at Samfunnet vil at det skal finnest gode gener.
Boka handlar om ein 17 år gammal jente som heiter Cassia. Cassia er på veg til match-banketten hennar då boka startar. Match-banketten er der du får vite kven du kommer til å gifte deg med. Ho får vite at det vil bli ein gutt som bur i nabolaget hennar, men ikkje berre det, han er bestevennen hennar Xander. Ho blir svært glad for det. Neste dag sjekker Cassia på minnekortet til Xander. I byrjinga syntes ho at ho ikkje treng å sjå på det siden dei har vore bestevenner frå dei var små. Men då ho ser på minnekortet til Xander ser ho eit bilete av han, men skjermen vert svart og så dukker det opp eit nytt ansikt. Ikkje ansiktet til Xander, men ansiket til ein anna gutt. Ky. Så går skjermen i svart igjen. Snart stilles Cassia mellom to umogelege val. Xander eller Ky. Kven velgjer Cassia. Det trygge tilværet ho kjenner til, eller ein veg ingen andre har gått før - eit val om lojalitet eller lidenskap.
Mi eiga vurdering:
Eg likte boka veldig godt, sjølv om eg vanlegvis ikkje pleier å lese sånne bøker. Så eg vart svært glad for å finne ut at eg liker å lese andre sjangrar enn det eg vanlegvis les. Det var kjekt å vite om Cassia og kva som gjekk rundt i hovudet hennar når ho har eit så pass vanskeleg val. Ho er jo nødt til å velgje mellom to guttar ho verkeleg liker. Eg liker den måten forfattaren skriv på, sjølv ho eigentleg ikkje skriv det så spanande, for eg liker spanande bøker, men ho skriv det sånn at eg fekk lyst til å lese vidare  ‘non stop’ om Cassia. Sidan Cassia’s valg er ein trilogi fekk eg ikkje alle svara som eg hadde stilt oppi hovudet mitt så eg gler meg verkeleg til  bibloteket får inn den 2. og 3. boka så eg kan få vite korleis det vil gå med Cassia. Eg håpar verkeleg at det går bra med henne. Viss eg ikkje hadde fått høyre om kva boka handla om ville eg heilt sikkert aldri lese den, for eg likte
ikkje forsidebiletet så særleg godt, men eg er veldig glad for det ellers ville eg ikkje visst om desse bøkene.

M.B.T 19.04.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar