mandag 23. april 2012

Skeleton Creek


Forfattar: Patrick Carman                                                    

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2009

Emne:
Spøkelser


Handlingsreferat:
Dei to ungdomane, Ryan og  Sarah, er bestevenner og staden dei bur på er eit lite lokalsamfunn i England som heiter Skeleton Creek. Ved muddermaskinen foregår det noko mystisk som dei ikkje klarer å setja ord på.  Ryan heldt på å døy då dei prøver å få  greia på kva som skjer oppe ved muddermaskinene. Han får ikkje lov til å snakke med, eller møte, bestevennen Sarah. Foreldra hans overvaker datamaskinen så han og Sarah må sende mail i all hemmeligheit og han blir isolert i mange veke etter at han heldt på å døy ved muddermaskinene. Han mottek hemmelege videoar som Sarah filmer åleine oppe ved maskinen då Ryan er isolert. Ryan prøver å skrive ned alt som dei finn ut og dei trur ein gammal mann, som heiter Joe Bush,  går igjen ved muddermaskinen fordi han døyde i ei arbeidsulukke der nokre år tidlegare, Dei finn ut mangr fakta om Joe og maskinen og kva dei heldt på med der oppe. Dei får høyra mykje av faren til Ryan om korleis personen Joe var fordi han arbeide med Joe ved muddermaskinen og dei planlegger ein tur opp for å få svar på kva som går føre seg der oppe. Det skulle dei aldri gjort fordi dei blir låst inni eit lite rom av nokon eller noko.

Mi eiga vurdering:
Eg syntes boka var gøy fordi du kunne sjå videoar på nettet innimellom, på lenkane på Internett så var det filmar som Sarah hadde filma med kameraet sitt og du får eit betre bilde av boka.
Eg fekk svar på alle spørsmåla som kom opp etterkvart, men eg fant ikkje ut kva som skjedde etterpå dei vart låst inne, Eg likte midtdelen og slutten men byrjinga var litt kjedelig.


T.O.N, 19.04.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar