fredag 27. april 2012

Halvgudene


Forfattar: Mari Moen Holsve

Forlag: Cappelen Damn

År for utgjeving: 2011

Emne: Fantasy.


Handlingsreferat :
Boka handlar om trillingane Dina , Thea og Balder . Dei er tretten år gamle. Dei er i frå Oslo. Far deira heiter Jostein. Boka går føre seg i no tid og i ei anna verd. Den andre verda blir kalla Tiladnen og for å komme seg dit må dei gjennom ein portal. Mor deira veit dei ikkje så mykje om, men dei veit at ho er ein halvgud. Då dei kjem til Tilandnen må dei lære seg nye reglar som dei ikkje er vane med frå før og dei må lære raskt. Trillingane får magiske krefter og får prøve ut dei magiske kreftene sine i Tilandnen. Mykje spennande skjer her. Viss du vil vite kva som skjer , les boka.



Mi vurdering
Eg synst boka var veldig spennande å lese. Det er ei lettlest bok. Eg blei veldig godt kjend med personane i boka. Eg likte personane veldig godt. Eg synst forfattaren skriv veldig bra og eg fekk lyst til å lesa fleire bøker av forfattaren. Eg fekk svar på mesteparten av spørsmåla mine. Det beste med boka var at forfattaren hadde med mange skildringar og detaljar. Det eg likte minst med boka var at Thea kanskje var litt slem mot faren. Framsidebiletet på boka gjorde sånn at eg fekk lyst til å lese boka. Det som er spennande med boka er at det er så mykje som skjer og du får lyst til å vite kva som skjer vidare. Det er ei fantasy bok så viss du likar å lese fantasy annbefaler eg denne boka.
Eg annbefaler boka til alle i alderen 13 – 16år.

S.S.L 19.04.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar