fredag 27. april 2012

Høsten




Forfattar: Jan Henrik Nielsen  

Tittel: Høsten

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2011 

Tema: Etter katastrofen

Handlingsreferat:
Hovudpersonane, Nanna og Fride, må dra til byen for å
få tak i medisin til faren deira.  Dei blir sendt i veg
med leverpostei og syltetøy fordi dei har levd nede i
ei bunkers der matlageret har gått tomt.  Nanna og
Fride må passe seg for slemme folk på vegen til
byen fordi då dei var mindre var det ein sjukdom som
ramma folk over heile  verda. Då sjukdommen kom
vart det mangel på mat, så det vart kamp om 
maten.  Då Nanna og Fride kom til byen møtte dei ein
person som kalla seg Fugl.  Fugl meinte at det  enno
var håp for plantene. Mange hadde ikkje greid å
overleve sjukdommen, men han hadde funne ei plante
og hjelpt den til å vokse.

Mi eiga vurdering:
Boka var bra og spanande. Spenninga heldt seg opp
gjennom heile boka. Det var nervepirrande kappittel
og det var nokre kappittel som var litt meir roleg. Alt
i alt var det ei bra bok, men nokre gonger kunne det
vere det same som skjedd om og om igjen. Viss eg
skulle ha gitt eit terningkast på denne boka hadde det
vært 5. Eg gjer den ein femmar fordi den gjer slik at
me vil lese vidare. 
 
I.T april 2012 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar