torsdag 19. april 2012

Gyldig fravær


Forfattar: Harald Rosenløw Eeg.
Tittel: Gyldig fravær.
Forlag og utgjeving: Aschehoug & Co i 2011

Emne: Kjærleik , forelsking , kjensla av å vere personen i skuggen av sin eigen familie , religiøs-lære og livet som ungdom.

Handlingsreferat: Boka handlar om fem vidt forskjellige ungdommar som blir utsett for ei forferdelig ulykke under jorda. Dei tar alle saman det same toget den dagen toget hadde tenkt å krasje. No er det opp til dei å overleve! For å overleve treng dei kvarandre! Dei er rett og slett avhengig av kvarandre , og dei må sette vekk alt som heiter negative kjensler for alle der inne. Men til tross for alt som skjer , er det noko kjærleik i lufta?

Mi eiga meining: Dette er ei bok som du først får eit førsteinntrykk av , så eit andre inntrykk , og så eit tredje inntrykk , også til slutt berre elskar du boka! Forfattaren er så flink på verkemiddel at boka vert heilt magisk. Boka surrar som ein film rundt og rundt i hovudet mitt når eg les. Det er så ekte , også er det så bra skrevet!
Eg personleg likte denne boka særs godt! Den er liksom «ny» , den er ikkje som alle andre. Samtidig trur eg det kjem til å bli ei særs populær ungdomsbok i næraste framtid. Boka er spennande og har berre pluss sider. EG vil gje boka eit terningkast:

Skrevet av: M.R.T. april 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar