torsdag 19. april 2012

Sirkelen


 
Forfattar:  
Mats Strandberg & Sara B. Elfgren.                          

Forlag: Gyldendal.

Ã…r for utgjeving: 2012.

 Emne: Kjærleik, vennskap, og død.


Handlingsreferat:
Det heile starta ein fin sommardag i den kjedelege byen Engelsfors. Elias var inne og snakka med rektor. Då han gjekk ut att gjekk han opp på eit toalett som ingen på skulen brukte, vel, eigentleg var det nok ikkje mange som visste at det var der eingong. Han pleide å skada seg sjølv, oftast med barberblad. Kvar gong han såg seg i spegelen fekk han lyst å skade seg. Det var dette som skjedde no. Då han såg seg i spegelen var det som om det var nokon som snakka til han. Sa at om han knuste spegelen og brukte glasskåret til å kutte seg sjølv i armen, slik at han blødde ihel, ville han slippe å lide. Han gjorde det. Dei fann han på skulen dagen etter. Død. Samme dagen skulle ei jente sjå seg i spegelen, men ho var ikkje der. Ho blei usynleg , og så synleg igjen. Ho skjøna ingen ting. Ei natt var månen farga raud. Det var ikkje alle som kunne sjå det, men nokre kunne. Plutseleg byrja kroppane til 6 ulike ungdommar å gå. Dei kunne ikkje styre beina sine sjølv lenger. Dei blei ført til ein nedlagd folkepark. Ingen av dei visste kvifor dei var der, eller korleis dei hadde komme seg der til. 6 ungdommar som ikkje kjende kvarandre vart ført saman av same grunn, og uten kvarandre kom dei ikkje til å overleve.

 
Mi eiga vurdering:
I byrjinga av boka skjøna eg ikkje særleg mykje. Ho var forvirrande og vanskeleg å forstå. Då eg hadde lese litt lengre, byrja eg å forstå meir, og meir , og boka blei kjempespanade. Eg klarte ikkje å leggje ho i frå meg. Det var rett og slett ei av dei beste bøkene eg har lese, og eg har lese mange bøker! Boka er lett å lese, og passar for dei aller fleste i alderen 12-16 år.

K.K.B.18.04.12

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar