torsdag 19. april 2012

Jeg er nummer fire


 

Forfattar: Pittacus Lore

Forlag: Cappelen Damm

År: 2011

Emne: Fantasy og krig.

Handlingsreferat: Lorien. Ein vakker planet full av plantar, dyr og naturressursar blir angrepen av Mogadorianerne, ein rase som øydela sin eigen planet med misbruk av ressursane. Lorianerne kjemper, men taper til slutt. Lorien blir overtatt av rasen som planlegger å angripe også vår planet, Jorda.
I byrjinga av boka blir me kjent med hovudpersonane, som er John og Henri. Begge dei kjem frå Lorien. Dei blei sendt til Jorda då Mogadorianerne angreip Lorien. Men Mogadorianerne kom etter dei, derfor må dei stadig flykte. John var veldig liten, så han hugser ikkje så mykje av livet sitt på Lorien. Han er ein av 9 barn som blei sendt til Jorda, for å utvikle arvekreftene sine der. Dei som har arvekrefter, blir kalt for gorder, og dei som passer på at arvekreftene deira utviklar seg riktig og lærer gordane å bruke kreftene, blir kalt for cêpaner. Henri er cêpanen til John. Den loriske magien gjorde at dei 9 barna berre kan bli drept  i nummerrekkjefølgje så lenge dei ikkje er i nærleiken av kvarandre, derfor bur dei i forskjellige delar av verda. Kvar gong ein av dei blir drepen, får dei andre eit slags arr, som ser ut som ein sirkel, på ankelen. John har tre sånne på sin ankel. Han er nummer fire. Han er den neste.

Mi eiga vurdering:
Eg synest boka er heilt fantastisk! Då eg fyrst byrja å lese, forstod eg ikkje heilt kvifor dei flykta og kven var Mogadorianerne. Men etter kvart byrja eg å forstå alt, og boka blei veldig spanande. Den er lett å lese, og vanskelig å leggje frå seg! Denne boka er definitivt den beste eg har lese i heile mitt liv. Eg anbefaler boka til alle i alderen 13-16 år.

A.Z april 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar