mandag 23. april 2012

Aarons maskin


Forfattar: Sverre Knudsen                              
 
Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2011

Emne: Makt/maktmisbruk, vennskap, teknologi
 
Handlingsreferat: 
Aaron, mora og faren flytter til Libercasa noko dei trur er fordi faren har fått seg jobb i selskapet Libercorp. Det viser seg etter kvart at det eigentleg er Aaron som er grunnen til flyttinga. Libermal, som er verdas største oppfinnar held på å lage ei maskin som skal gjere menneska 100% gode. Han treng Aaron si hjelp til å styre denne maskina fordi Aaron har den beste intuisjonen i landet. Men Aaron finn etter kvart ut at maskina eigentlig ikkje gjer personen den konverterer 100% god. Strøm, som er filosof og til god hjelp for Aaron i boka, seier at det gode eigentleg er medfølelsen. Det vonde derimot, er likegyldigheit. Men det maskina gjer er å fjerne medfølelsen. Den skal gjere mennesket godt, men mennesket blir eigentleg berre utan følelsar. Det blir meir som ein robot… Å gjere nokon 100% god er altså teoretisk mulig, men i praksis går ikkje dette an.
Aaron må altså prøve å stoppe denne maskina, noko som ikkje er særleg lett. Libercorp har nemleg gått litt av styr sidan det starta. Nokre enkeltmenneske, som har tatt over, held på å gjere Libercorp om til eit aksjeselskap, og følger ikkje mottoet deira ”Verdi for alle” i det heile.
Handlinga går nok føre seg i vår tid, men det er hint både av framtid og fortid. Historia vert fortald gjennom 3. person, men Aaron er hovudpersonen, så det er han me får vite tankane til osv. Ein kjem inn i handlinga forhaldsvis med ein gong, noko som gjer boka litt lettare å komme inn i.


Mi eiga vurdering: 
Eg synest denne boka var veldig bra. Ein vert best kjend med Aaron, men òg litt med dei andre personane. Boka er prega av valga Aaron må ta i forhald til kven han kan stole på og ikkje. Dette er fyrste boka i ein triologi og eg kan godt tenkje meg å lese dei andre bøkene òg, spessielt sidan me ikkje fekk svar på alle spørsmåla på slutten. Eg synest slutten var litt vel brå, men dette er nok òg eit triks for å få lesaren til å vilje vite meir. Boka inneheld ikkje så mykje kjærleik og daglegdagse ting, men fokuserer mest på handlinga og slikt. Ein ting eg likte veldig godt med boka var at det var fletta inn ein del filosofi! Vaktmeisteren Strøm er filosof og gjer Aaron mange tips på vegen. Forfattaren har verkeleg lykkast i å flette dette inn i handlingen og opplevingare til Aaron. Boka er mykje prega av kva som er godt og ondt, og har verkjeleg moral! Framsidebilete var derimot ikkje vidare freistande. Boka ser veldig tung, guttete og kjedeleg ut. Men ikkje la deg lure av det. Boka er mykje bedre inni. Eg vil anbefale deg å lese denne boka!


E.S.F. 19. april 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar