torsdag 19. april 2012

Jeg er Zlatan



Forfattar:  
Zlatan Ibrahimovic (Fortalt til David Lagercrantz)

Tittel: Jeg er Zlatan

Forlag: Font forlag

Ã…r for utgjeving: 2011


Emne: Sjølvbiografi Zlatan sin vansklige barndom fram til han vart proff fotballspelar.

Handlingsreferat: Det handler om Zlatan Ibrahimovic, og om korleis han hadde det opp  gjennom livet. DÃ¥ han var liten flytta dei mykje rundt og faren hadde alkoholproblem. Foreldra til Zlatan skilde seg og han visste ikkje kven han skulle bu hos. Han bestemte seg for Ã¥ bu hos faren sin, men det vart vanskelegare og vanskelegare. Faren drakk framleis og Zlatan vart kriminell. Han byrgja Ã¥ stjele og drikke sjølv, men han likte ikkje Ã¥ vere heime medan faren drakk. Zlatan vart teken i Ã¥ stjela, men faren fekk ikkje veta det. Han fekk brev heim men Zlatan reiv det før faren  fekk sjÃ¥ det. Zlatan byrgja sÃ¥ Ã¥ spele meir fotball, men han var aggresiv pÃ¥ fotballbanen og skjelte ut trenaren sin. Dermed vart det mange kampar han ikkje fekk spele. Zlatan skjerpa seg etter kvart og slutta Ã¥ drikke og stjele. Fotballen fekk han til slutt vekk fÃ¥r drikking og stjeling, og fotball vart viktigare for han. NÃ¥r Zlatan skulle læra seg nye triks sÃ¥g han pÃ¥ filmar av Ronaldo og Messi og lærte av dei. Deretter gjekk han ut i hagen og øvde pÃ¥ desse triksa heilt til han kunne dei.
Zlatan kunne få kick av visse ting, han fekk veldig kick av å køyre fort med bil. Han var veldig interessert i biler, og kjøpte seg bilar som var sjeldne. Når han fekk eit nytt dataspel kunne han sitte inne heile dagen og natta og spele.
Zlatan fortel ope og ærleg om livet sitt i boka. Alt i frå den vansklege barndommen, og fram til han blei profesjonell fotballspelar.

Mi eiga vurdering: Eg synest dette er ei kjempe god bok. Her er det om ein fattig liten gut som veks opp i innvandrergettoen i lag med fattige foreldre. Dette er ein historie som er lett og setja seg inn i. På tross av ein vanskleg barndom når Zlatan målet sitt om å verta profesjonell fotballspelar. Det er mange gutar sin draum. Når eg les boka får eg og mykje kunnskap om andre fotballag og proffar. Zlatan fortel om episodar som har hendt med fleire kjende personar og lag.
Boka kunne vore lettare å lesa dersom det var tekst og bilete om kvarandre. Boka har bilete på dei ca. 40 fyrste sidene, og deretter er det over 300 tettskrevne sider.
Eg vil anbefale boka til alle som likar å lese om historie frå verklegeheita, ikkje berre dei som er interessert i fotball.


K.A.N april 2012

4 kommentarer:

  1. Veldig bra, men hvordan kan Zlatan lære av Messi og Ronaldo når han er eldre enn dem? :P
    Du mener nok Ronaldo fra Brasil som er yndling spilleren hans...

    SvarSlett
    Svar
    1. man kan alltids lære av yngre folk.

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. Zlatan drakk jo da aldri spesielt mye selv? Han hadde en far med store alkoholproblemer og valgte derfor å holde seg unna, han kastet ølflaskene til faren. Eneste gangen har drukket spesielt var etter ligaseieren med Inter.

    Dette er riktig nok ut ifra hva som står i boka, men så skal jo dette være en bokanmeldelse.

    #Lawyered

    SvarSlett