torsdag 19. april 2012

Afrodite og ulykkesfuglen


Forfattar: Ritta Jacobsson

Forlag: Gyldendal

Ã…r for utgjeving: 2009

Tema: Tema i boka er menneskesmugling/ulovleg innvandring.

Handlingsreferat: Handlinga i boka går føre seg i Sverige. Det er sommar og Afrodite skal vera med Alexander, kjærasten, til bestemor hans for å arbeide. Bestemora har brukket foten og kan ikkje arbeide som gartnar på herregården. Dei bur i ein liten portnerbolig bortanfor herregården, Afrodite, Alexander, bestemora og Voff. Voff er hunden til Afrodite og er ganske beskyttande overfor henne. Alt virker heilt supert og perfekt, ein sommar saman med kjærasten er jo draumen. Men alt er ikkje som dei trur det er, spesielt ikkje då Afrodite ser ei jenta nede i kjellaren i herregården. Jenta enten vinkar til ho eller ropar om hjelp. Nysgjerrig som Afrodite er så blandar ho seg selvfølgeleg borti ting ho skulle holdt seg langt borte frå.
Boka er skriven i eg- form og forfattaren er flink med å bruke samanlikningar.

Mi eiga vurdering: Eg synest boka var kjempekjekk å lesa. Du vart lett kjend med Afrodite og livet hennar sjølv om eg ikkje heilt var einig i alle tinga som ho gjorde. Personane var beskrive veldig bra slik at eg kunne sjå for meg korleis dei såg ut, oppførte seg og korleis livet deira var. Forfattaren er veldig flink til å skriva, og eg kan gjerne tenkja meg å lesa fleire bøker om Afrodite og livet hennar. Boka var både spennande, romantisk, og dramatisk, men samtidig morosam og av og til. Ho var veldig lett å lesa og du får ikkje lyst til å stoppa når du fyrst har begynt. Eg fekk svar på alle spørsmåla, kanskje ikkje akkurat alle. Det beste med boka var nesten slutten fordi det var ein veldig lukkeleg slutt, men midt i boka, då Afrodite fulgte nysgjerrigheita si og ting starta å bli spanande, var ôg noko av det beste. Eg skjønar eigentleg ikkje samanhengen mellom framsidebilete, tittelen og innhaldet. Hadde eg ikkje høyrt om kva boka handla om så ville eg nok ikkje lese denne boka ved berre å sjå framsidebiletet.


K.M 17.04.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar