mandag 14. mars 2011

Bree Tanners korte nye liv

Forfattar: Stephanie Meyer
År for utgjeving: 2010
Emne: Vampyrar

Handlingsreferat:
Bree Tanners korte nye liv er ei Twilight roman som byggjer vidare på ein laus tråd i tredje boka; den redde, nyfødde vampyren Bree Tanner som, i motsetning til hæren ho var ein del av, overga seg, men likevel vart drepen av dei sleipe Volturiene. Kven var Bree? Kvifor overga ho seg?
Verda denne historia går føre seg i er heilt lik vår om ein ser vekk frå dei blodtørstige vampyrane og dei mystiske varulvane. Bree Tanner var ein heilt vanleg ungdom på nesten seksten år som levde i Seattle i Nord- Amerika. Heilt til ho møtte den mystiske og unaturleg vakre Riley. Han omskapte ho til ein vampyr som seg sjølv. Men det er noko ho får greie på akkurat litt for seint. Det er at ho og dei andre “nyfødde” vampyrane Riley kjem dumpane inn med, berre er til for eitt formål: å drepe hovudpersonen i Twilight- sagaen, Bella, og å gjere mest mogeleg skade på Cullen- familien. Men det dei også får vita litt for seint, er at det kom til å bli ein svært urettferdig kamp. 

Mi eiga vurdering: 
Eg både likte og mislikte denne boka. På den eine sida ville eg berre sluke ho, men eg hadde alltid i bakhovudet at det uunngåelege kom til å skje. Bree og den søte “ninja-bestevennen” hennar Diego kom begge til å dø og det er ingenting eg som lesar kan gjere med det. 

M.H 14.03.11 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar