mandag 21. mars 2011

Fuglevarsel

Forfattar: David Almond (oversett av Cecilie Winger MNO)
Forlag: Cappelen Damm
Årstal: 2008
Emne: Krig, Ungdomsproblem og barneheimsbarn.

Ein varm sommardag er Liam og Max ute i hagen og graver etter skattar då det landar ein kaie i hagen deira. Liam og Max følgjer etter kaien og blir leda til ein baby som ligger i skogen. Ved sida av babyen er det eit syltetøyglas fylt med pengar og ein lapp der det står skreve: PAS GÅTT PÅ HENE, VÆR SÅ SNIL. HUN ER GUDS UNGE. Babyen hamnar på barneheim. Gjennom barneheimen møtar Liam to barn som heiter Oliver og Crystal. Oliver har ein mørk bakgrunn i frå krigen i Liberia. Når han blir tvungen til å dra tilbake til Liberia, nektar han og rømmer saman med Crystal og Liam ut i ein skjult dal i England.
Med dette er fuglesommaren i gang , ein sommar Liam aldri i livet vil gløyme.

Eg synest Fuglevarsel var ein bra bok, men den var skreve på ein veldig merkelig måte; den var skreve på ein veldig enkel måte. Dette gjorde at boka var kjekk å lese, men blei litt ”urealistisk” iblant. Boka var veldig bra fordi den var svært lærerik og fordi David Almond var svært god til å skildre følelser.

Boka passar for ungdomar mellom 10-og 15-årsalderen

 M.E.S 21.03.11






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar