fredag 18. mars 2011

Ever - for alltid

Forfattar: Alyson Noël

Forlag: Kagge forlag

År for utgjeving: 2010

Emne: Udødelege og vennskap

Handlingsreferat: 
Ever bur hos tanta si etter at Ever og familien hennar var i ei bilulykke. Ho var den einaste som overlevde. Etter ulykka kunne ho sjå auraen til personar, og viss ho tar på personar kan ho sjå kva dei tenkjer og livshistorien deira. Heime på rommet sitt får ho kontakt med den døde søstera si. Ho heitar Riley. På den nye skulen får ho to gode venner. Dei heiter Haven og Miles. Dei har mykje med kvarandre å gjera, både på skulen og på fritida. Ever likar å ha på seg hettegenser og høyra på musikk. Dette for å unngå kontakt med andre og unngå alle tankane som svirrer i klasseromet. Dei aller fleste på skulen synest ho er ein freak. Det begyner ein ny gut i klassen deira, han heiter Damen. Alle jentene liker han, men han blir sammen med Ever. Etter at dei blei sammen har han overtalt ho til å skulka skulen nokre gonger. Ever pleide ikkje vera så mykje ute på offentlege plassar før ho møtte Damen. Ho ønskjer veldig at ho var normal. 

Mi eiga vurdering: 
Eg likte boka fordi eg likar at det er litt fantasy og den var spennande.. Eg blei kjend me personane, men eg blei mest kjend med Ever. Byrjinga var litt vanskeleg å lesa, men det var lettare å lesa lenger inni boka for då skjønte du meir av handlinga. Eg syntest boka passar for unge jenter i alderen 12-17 år.

M.M.S 18.03.11




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar