torsdag 10. mars 2011

Rekrutten

Forfattar: Robert Muchamore

Originaltittel: The Recruit

Forlag: Det norske samlaget

År for ytgjeving: 2010

Handlingsreferat
Den 12 år gamle guten, James, bur i London med søster si og mor si.
Mor til James er ganske feit så det er ei jente på skulen til James som plager han for å ha ein feit mor. Til slutt blir dette for mykje for James og han dyttar jenta av stolen.  Ho slår hovudet i veggen og begynner å blø frå tinningen. Ho hadde truffe ein spiker i veggen. James spring ut av klasserommet i full panikk. Han hadde ikkje planer om å fortelje dette til mor si. Då han kom heim, var mor hans fyllesjuk. Ekskjerasten hadde kome på besøk. James tok litt penger og stakk av. Han henta syster si på skulen og dei gjekk for å kjøpe mat. Men då han og syster hans kom heim var mor til James død. Han kom då til ein barneheim. Der budde han på rom med ein fyr som heitte Bruce.
Han begynte på skulen og blei «venn» med nokon fra 10ende klasse.
Han komm med ein gong i trøbbel. Dei ville at han skulle gå inn i ein butikk og stjela øl. Men han blei sjølvsagt teken på fersken. Han fekk då ein advarsel av politiet. Etter det hugsar han ingenting. Det blei svart...

Mi eiga vurdering
Eg likte boka utruleg godt og vil gjerne lese neste bok i serien.
Forfattaren skildra ting så godt i boka og boka var enkel å forstå.
Det var og nesten spennande heile tida. Det gjorde at eg ikkje klarte å leggje boka i frå meg når eg las ho.
Karakter: Eg vil gje denne boka karakter 6/6 fordi den var så utruleg bra skreven. Den er så spennande at du skulle ynskje det verkjeleg var sant.

T.A.V 11.03.11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar