mandag 14. mars 2011

Fangesøstre


Orginal tittel: Sisters in sanity
Forfatter: Gayle Forman
År: 2010

Handling:
Brit er 16 år og eigentleg normal for alderen. Faren og stemora hennar trur noko heilt anna. Dei meiner «problemet» er at ho spiller i punkrock-band, fargar håret rosa, tatoveringar og piercing og ho hater stemora si noko voldsomt! Ein dag bestemmer faren og den nye kona hans at dei skal reise på ferie.
Stemora og halvbroren reiser med fly siden halvbroren er så liten at det hadde blitt for slitsamt å reise med bil. Brit har eigentleg ikkje lyst å vere med, men setter seg sur i bilen. Då det begynte å bli seint køyrde faren til noko som likna eit motell. Det syntes i hvert fall Brit, som ikkje la merke til at det var høge murer med piggtråd-gjerde.
Då faren stopper bilen og blir heilt stille og trist, skjønner Brit det er noko gale. Ho blir frakta inn i bygningen av to svære karar og satt på eit slags isolat.
Det som fyrst såg ut som eit motell var eigentleg eit «ungdomsfengsel» som var fylt av psykologar og lærarar som prøver å bryte ned jentene som er blitt sendt ditt.

Mi meining:
Eg synes boka var veldig gripende. Mange følelser og situasjoner du kanskje kjenner deg igjen i, berre meir dramatisk. Den passar veldig godt unge jenter, helst 14 år og opp til 18 år. Eg synes boka var så bra at eg gjer terningkast seks.

B.K 14.03.11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar