torsdag 3. mars 2011

Perfekt kjemi


Forfattar:Simone Elkeles

Forlag:Gyldendal
År for utgjeving:2010
Emne: Forbudt kjærleik

Handlingsreferat
Brittany Ellis er perfekt. Det er i alle fall det alle trur, at ho har ingen feil og har eit perfekt liv. Ho er saman med skulens fotballstjerne og har ikkje nokon problem på skulen, men då ho blir kjemipartnar med gjengmedlemet frå den andre sida av byen, Alex Fuentes, blir livet hennar heilt annleis. Alex veddar med venene om at han skal klare og forføre ho, men Brittany likar han ikkje i det heile tatt, ho syns eigentleg at han er skummel. Men så blir dei kjend og Alex begynner å lika Brittany og omvendt,
og det er ikkje berre på grunn av veddemålet. Han skjønner at Brittany ikkje er så perfekt og uknuseleg som alle trur. Brittany si syster er funksjonshemma og det gjer at Brittany må hjelpe til heime og at foreldrene forventar mykje av ho som er den einaste «normale» ungen og det blir til noko meir enn eit lite veddemål.

Mi eiga vurdering:
Eg likte boka. Den var spanande og bra skrevet. Det var skrevet frå begge sine synspunkt, så du fekk vita kva kvar person følte og bli litt bedre «kjend» med dei.
Eg brukte berre nokre dagar på boka som var på over 300 sider og vil sei at boka er verdt å lese.

S.B 27.02.11




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar