mandag 14. mars 2011

Svarte-Mathilda

Forfattar: Tor Arve Røssland.
Forlag: Samlaget
Årstal: 2010

Handlingsreferat:
Boka handlar om ei jente som heiter Elisabeth som flyttar inn i ei leilegheit saman med mor si . Leilegheita har vore tom i 20 år. Elisabeth sitt hus brann ned og ho mista broren sin i ulukka. Faren hennar har flytta i ei anna leilegheit.
Elisabeth merkar med ein gang at det er noko gale med leilegheita. Ho frys og har ein ubehageleg følelse når ho er i leilegheita. På badet er det ein spegel som ser gammal ut. Elisabeth blir innestengt på badet og ser noko mystisk på badegolvet. Det mystiske er blod, forma som eit blodig handtrykk, frå ein person. Det er ikkje berre ein ekkel og skummel hending som har skjedd i leilegheita der Elisabeth bur. Ho blir innestengt på soverommet sitt og hyler alt ho kan. Mor hennar forstår ikkje kva som skjer for på hi sia så er det ingen nøkkel. Den nøkkelen som høyrer til døra må vere på Elisabeth si side. Mor til Elisabeth blir skremd av oppførselen til Elisabeth og rådar ho til å gå til psykologen. Elisabeth ser også gjenferdet til ei jente. Jenta gir bibliotekkortet til Elisabeth som om ho vil at Elisabeth skal gå og finne ut av mysteriet.
Elisabeth begynner på ein ny skule og forstår at det er noko gale. For når ho seier kvar ho bur, ser folk overraska på henne med eit blikk som fortel at det har skjedd noko gale der. Ho møter ein gut som heiter Philip. Philip går i same klasse som Elisabeth. Philip fortel at det har skjedd ei ulykke i leilegheita for ca. 20 år sidan. Ei jente som heitte Marie vart knivdrepen på badet i leilegheita. Politiet klarde ikkje å løyse drapet og la det derfor på is. No er det eit mysterium som ingen klarer å løyse.
Saman med bibliotekaren, Viggo, skal dei utforske drapet. Viggo fortel ei kjend historie om Svarte-Mathilda. Dersom du seier Svarte-Mathilda i ein spegel sju gonger, skal Svarte- Mathilda komme ut av spegelen og drepe deg med kniven sin.
Viggo meiner at Svarte Mathilda kan ha vore innblanda i drapet. Elisabeth og Phillip prøver det på badet og merkelege ting skjer. Philip forsvinn etter hendelsen i spegelen og Elisabeth skadar seg. Elisabeth havnar på ein gard for å finne ut av mysteriet som ingen tør å forske på…..

Mi eiga vurdering:
Eg syntest at boka var skummel og ekkel. Eg blir lett påvirka av slike ting som skjer. Då eg las boka, så klarde eg ikkje å sjå inn i ein spegel. Eg syntest og at det var bra og kult at boka var på nynorsk. Boka var spennande og dersom du har begynt å lese den så klarar du ikkje å leggje den ifrå deg. Slutten var overraskande og eg hadde ikkje forventa ein slik slutt. Så eg likte boka godt.
Boka passar for dei som går på ungdomskulen, fordi dei som er yngre kan bli lett påvirka og då verta redd og få mareritt. Det er og litt liten skrift. Den var og litt blodig sjølv om du ikkje kan “sjå” blodet.
Eg gjev boka terningkast 5 fordi den var spennande og bra.

A.B.L 14.03.11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar