mandag 14. mars 2011

Den siste magiker

Forfattar: Siggbjørn Mostue
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 288
År boka gitt ut: 2010
Andre bøker av forfattaren: Alveteiknet
Sjanger: Fantastisk


Handlingsreferat:

Den siste magiker handler om Simen, som er ein heilt alminneleg gut frå Kløfta. På fritida spelar han fotball og henger med venene sine, og at foreldrene kranglar er noko han opplever støtt. Ein dag knuser han og kameratane hans ruta på det forfalne huset til ”Indianer`n”, og dette gjør at Simen får snudd livet på hovudet. Han får vite at ”Indianer`n” (eller Gregers, som han eigentleg heiter) eigentleg er ein magiker, og siden han faktisk er ”den siste magiker” får Simen lære seg nokre av Gregers ”triks”.
Simen starter snarest med opplæring i både trylling og beskyttelsesmetoder, men er det eigentleg så lurt å få opplæring av den såkalte ”Gregers” ?






Mi eiga vurdering:
Denne boka er ei veldig morsom og spennande bok, og det skjer ting heile tida. Det kan vere litt strevsamt i begynnelsen, men det er verdt det. Sjølv anbefaler eg denne boka sterkt, og eg synes boka passer for begge kjønn. Sidan boka inneheld litt banning anbefaler eg boka for alderen 13-16 år.


 H.H. 14.03.11

1 kommentar:

  1. Hei Eva.

    Jeg har lest boken og er helt enig med deg.
    Jeg synes anmeldelsen de var kjempe god og jeg fikk lyst til å les boken en gang til

    SvarSlett