mandag 14. mars 2011

Tilstrekkelig vakkert

Forfattar: Synne Sun Løes

Forlag: CAPPELEN DAMM

År for utgjeving: 2010

Emne: Boka handler om liv og død og om venner. Litt om det å vere utanfor også.

Handlingsreferat:

Dei bur på to forskjellige plasser på austlandet. Jenny bur i Oslo og Johanne i eit lite hus på eit jorde. Dette er jo ei ny bok og brevvekslinga føregår i moderne tid.  Boka handler om to jenter som heiter Jenny og Johanne. Johanne er dødssyk, men vil gjerne leve. Jenny er ikkje sjuk, men ho vil døy. Ho er lei av livet og menneska. Dei skriv til kvarandre og fortel om liva sine og kvifor dei ikkje vil leve eller ikkje vil døy. Dei fortel om kvardagen, kva som hende i går, hinn dagen osv… Johanne vert berre sjukare og sjukare og skjønner at det går greit å døy. Verden går ikkje under av den grunn og når ho er skikkeleg sjuk er ho eigentlig død føler ho. Ho har ikkje noko liv. Når Jenny leser breva frå Johanne skjønner ho at livet kan vere fint. Ho liker livet ganske godt etter kvart.

Mi eiga vurdering:

Eg likte å lese breva dei skreiv til kvarandre. Det var litt annsleis og utfordrande. Eg vart godt kjend med dei. Dei skreiv mykje om kva som hende i kvardagen. Eg likte dei to jentene. Dei var veldig forskjellige på ein måte, men etter kvart forstod dei kvarandre meir og hadde ein del likskap.  Eg kunne tenkt meg å lesa ei bok til av denne forfattaren. Boka var litt vanskeleg å lesa fordi ho var delt i to. Først breva til Jenny som Johanne skreiv så breva Jenny hadde skrive.  Eg fekk ikkje veta alt, men ein fekk vita ganske mykje utover i slutten av boka. Slutten var noko av det beste. Det verste var framsidebilete. Det ga meg ikkje lyst til å lese boka. Mislikte fargane og teikninga. Den var trist…

S.R.S 14.03.11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar