torsdag 3. mars 2011

Vi er de døde

Forfattar: Tore Oksholen              

Forlag: Gyldendal

År for utgjeving: 2010

Emne:
Ein miks mellom fantasy og det verkelege livet. Den handlar om vanlege ungdomsting og overnaturlege ting.

Handlingsreferat :
Boka handlar om ein gut, Casper, som er ein heilt vanleg tenåring, med ein god venn som heiter Edmund. Far hans er politi og mor hans er veldig rik. Casper har ein farfar som han er veldig glad i.  Farfaren er tidlegare brannmann. Ein dag støter Casper på  to bøller som er ute etter han. Casper heng seg opp etter ein bil og dei to bøllene prøver å brenne fingrane hans slik at han slepp bilen og dei kan ta han med i skogen og banke han.  Rett før Casper tenkjer at no kjem smerten, dukker det opp ei jente som blåser ut ilden i lighteren og jager vekk bøllene. Så forsvinn ho berre i løse lufta. Boka går ut på at Casper leiter etter den mystiske jenta. Den handlar om forelsking, hat, vald og vennskap. Vil Casper finne den mystiske jenta ? Blir han tatt av bøllene igjen ?

Mi eiga vurdering:
Eg synst boka var ganske bra, litt vanskeleg å forstå. Du skjønner kanskje ikkje boka, før heilt på slutten. Den er på ein måte delt opp i fleire delar, fleire personar som tenkjer og fleire tidsaldrar. Boka er ikkje så tjukk og det er lite på kvart kappittel. Så eg likte boka ganske godt.

U.A.K 10.02.11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar