tirsdag 22. mars 2011

Med egne øyne

Forfattar: Arne Svingen.

Forlag: Cappelen Damm

År for utgjeving: 2010

 
Emne: Kjærleik

Handlingsreferat 


Jim er på høgden av musikk-karrieren, men han saknar noko likevel. Det skjer ein overdose og han reiser vekk. Han møter  ei jente på ei øde strand. Det er første gang han ikkje vert gjenkjend. Forklaringa er enkel: Ho er blind.

Mi eiga vurdering:

 
Det er av og til litt lett å mista sammenhengen i teksten. Men det er ei god bok. Eg er ikkje ein som leser så masse men det var ei kjekk bok å lesa når du ikkje les så masse. Det er mange, gode ilustrasjonar i boka. Eg sat og såg på alle bileta før eg begynte å lesa.
 

 S.S.T 22.03.11

mandag 21. mars 2011

Fuglevarsel

Forfattar: David Almond (oversett av Cecilie Winger MNO)
Forlag: Cappelen Damm
Årstal: 2008
Emne: Krig, Ungdomsproblem og barneheimsbarn.

Ein varm sommardag er Liam og Max ute i hagen og graver etter skattar då det landar ein kaie i hagen deira. Liam og Max følgjer etter kaien og blir leda til ein baby som ligger i skogen. Ved sida av babyen er det eit syltetøyglas fylt med pengar og ein lapp der det står skreve: PAS GÅTT PÅ HENE, VÆR SÅ SNIL. HUN ER GUDS UNGE. Babyen hamnar på barneheim. Gjennom barneheimen møtar Liam to barn som heiter Oliver og Crystal. Oliver har ein mørk bakgrunn i frå krigen i Liberia. Når han blir tvungen til å dra tilbake til Liberia, nektar han og rømmer saman med Crystal og Liam ut i ein skjult dal i England.
Med dette er fuglesommaren i gang , ein sommar Liam aldri i livet vil gløyme.

Eg synest Fuglevarsel var ein bra bok, men den var skreve på ein veldig merkelig måte; den var skreve på ein veldig enkel måte. Dette gjorde at boka var kjekk å lese, men blei litt ”urealistisk” iblant. Boka var veldig bra fordi den var svært lærerik og fordi David Almond var svært god til å skildre følelser.

Boka passar for ungdomar mellom 10-og 15-årsalderen

 M.E.S 21.03.11






fredag 18. mars 2011

Ever - for alltid

Forfattar: Alyson Noël

Forlag: Kagge forlag

År for utgjeving: 2010

Emne: Udødelege og vennskap

Handlingsreferat: 
Ever bur hos tanta si etter at Ever og familien hennar var i ei bilulykke. Ho var den einaste som overlevde. Etter ulykka kunne ho sjå auraen til personar, og viss ho tar på personar kan ho sjå kva dei tenkjer og livshistorien deira. Heime på rommet sitt får ho kontakt med den døde søstera si. Ho heitar Riley. På den nye skulen får ho to gode venner. Dei heiter Haven og Miles. Dei har mykje med kvarandre å gjera, både på skulen og på fritida. Ever likar å ha på seg hettegenser og høyra på musikk. Dette for å unngå kontakt med andre og unngå alle tankane som svirrer i klasseromet. Dei aller fleste på skulen synest ho er ein freak. Det begyner ein ny gut i klassen deira, han heiter Damen. Alle jentene liker han, men han blir sammen med Ever. Etter at dei blei sammen har han overtalt ho til å skulka skulen nokre gonger. Ever pleide ikkje vera så mykje ute på offentlege plassar før ho møtte Damen. Ho ønskjer veldig at ho var normal. 

Mi eiga vurdering: 
Eg likte boka fordi eg likar at det er litt fantasy og den var spennande.. Eg blei kjend me personane, men eg blei mest kjend med Ever. Byrjinga var litt vanskeleg å lesa, men det var lettare å lesa lenger inni boka for då skjønte du meir av handlinga. Eg syntest boka passar for unge jenter i alderen 12-17 år.

M.M.S 18.03.11




mandag 14. mars 2011

Den siste magiker

Forfattar: Siggbjørn Mostue
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 288
År boka gitt ut: 2010
Andre bøker av forfattaren: Alveteiknet
Sjanger: Fantastisk


Handlingsreferat:

Den siste magiker handler om Simen, som er ein heilt alminneleg gut frå Kløfta. På fritida spelar han fotball og henger med venene sine, og at foreldrene kranglar er noko han opplever støtt. Ein dag knuser han og kameratane hans ruta på det forfalne huset til ”Indianer`n”, og dette gjør at Simen får snudd livet på hovudet. Han får vite at ”Indianer`n” (eller Gregers, som han eigentleg heiter) eigentleg er ein magiker, og siden han faktisk er ”den siste magiker” får Simen lære seg nokre av Gregers ”triks”.
Simen starter snarest med opplæring i både trylling og beskyttelsesmetoder, men er det eigentleg så lurt å få opplæring av den såkalte ”Gregers” ?






Mi eiga vurdering:
Denne boka er ei veldig morsom og spennande bok, og det skjer ting heile tida. Det kan vere litt strevsamt i begynnelsen, men det er verdt det. Sjølv anbefaler eg denne boka sterkt, og eg synes boka passer for begge kjønn. Sidan boka inneheld litt banning anbefaler eg boka for alderen 13-16 år.


 H.H. 14.03.11

Bree Tanners korte nye liv

Forfattar: Stephanie Meyer
År for utgjeving: 2010
Emne: Vampyrar

Handlingsreferat:
Bree Tanners korte nye liv er ei Twilight roman som byggjer vidare på ein laus tråd i tredje boka; den redde, nyfødde vampyren Bree Tanner som, i motsetning til hæren ho var ein del av, overga seg, men likevel vart drepen av dei sleipe Volturiene. Kven var Bree? Kvifor overga ho seg?
Verda denne historia går føre seg i er heilt lik vår om ein ser vekk frå dei blodtørstige vampyrane og dei mystiske varulvane. Bree Tanner var ein heilt vanleg ungdom på nesten seksten år som levde i Seattle i Nord- Amerika. Heilt til ho møtte den mystiske og unaturleg vakre Riley. Han omskapte ho til ein vampyr som seg sjølv. Men det er noko ho får greie på akkurat litt for seint. Det er at ho og dei andre “nyfødde” vampyrane Riley kjem dumpane inn med, berre er til for eitt formål: å drepe hovudpersonen i Twilight- sagaen, Bella, og å gjere mest mogeleg skade på Cullen- familien. Men det dei også får vita litt for seint, er at det kom til å bli ein svært urettferdig kamp. 

Mi eiga vurdering: 
Eg både likte og mislikte denne boka. På den eine sida ville eg berre sluke ho, men eg hadde alltid i bakhovudet at det uunngåelege kom til å skje. Bree og den søte “ninja-bestevennen” hennar Diego kom begge til å dø og det er ingenting eg som lesar kan gjere med det. 

M.H 14.03.11 

Fangesøstre


Orginal tittel: Sisters in sanity
Forfatter: Gayle Forman
År: 2010

Handling:
Brit er 16 år og eigentleg normal for alderen. Faren og stemora hennar trur noko heilt anna. Dei meiner «problemet» er at ho spiller i punkrock-band, fargar håret rosa, tatoveringar og piercing og ho hater stemora si noko voldsomt! Ein dag bestemmer faren og den nye kona hans at dei skal reise på ferie.
Stemora og halvbroren reiser med fly siden halvbroren er så liten at det hadde blitt for slitsamt å reise med bil. Brit har eigentleg ikkje lyst å vere med, men setter seg sur i bilen. Då det begynte å bli seint køyrde faren til noko som likna eit motell. Det syntes i hvert fall Brit, som ikkje la merke til at det var høge murer med piggtråd-gjerde.
Då faren stopper bilen og blir heilt stille og trist, skjønner Brit det er noko gale. Ho blir frakta inn i bygningen av to svære karar og satt på eit slags isolat.
Det som fyrst såg ut som eit motell var eigentleg eit «ungdomsfengsel» som var fylt av psykologar og lærarar som prøver å bryte ned jentene som er blitt sendt ditt.

Mi meining:
Eg synes boka var veldig gripende. Mange følelser og situasjoner du kanskje kjenner deg igjen i, berre meir dramatisk. Den passar veldig godt unge jenter, helst 14 år og opp til 18 år. Eg synes boka var så bra at eg gjer terningkast seks.

B.K 14.03.11

Etter festen

Forfattar:Hans Petter Laberg

Forlag:Cappelen Damm

År for utgjeving:2010

Handlingsreferat:

Denne boka handler om ein gut som blir kaldt for HP. Han har gjort noe mot ei jente som han angrer veldig på. Han tenker veldig mye, og vil helst vere i fred. Bestemoren til HP seier at han og ho må reise på ferie berre ho og han.  Hp er veldig glad i bestemora si, bestemora til Hp blir veldig og alvorleg sjuk. Dette er eit utdrag fra boka: Tenk deg at du har gjort noe du ikke kan fortelle til noen. Noe du aldri trodde du kunne gjøre. Noe som har skadet en annen. Noe du vil angre resten av livet.

Mi eiga vurdering: Eg synst boka var veldig spennende, og eg likte godt at den var 150 sider lang. Det var bra at den var gøy og lese det blei aldri alt for kjedeleg. Eg synst boka passer for ungdom frå 12 til 16 år.  Det eg synst var dårleg med boka var at du fikk ikkje vite kva som skjedde med bestemora etter at Hp hadde ringt etter sjukebilen. Eg ville ha gitt denne boka terningkast 5

J.L 14.03.11